Hopp til innhald

Love Her Madly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love Her Madly
Singel av The Doors
frå albumet L.A. Woman
B-side

«(You Need Meat) Don't Go No Further»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1971
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3:20
Selskap Elektra
Komponist Robby Krieger
Låtskrivar(ar) Robby Krieger
Produsent Bruce Botnick
The Doors-kronologi 
«Roadhouse Blues»
(1970)
Love Her Madly «Riders on the Storm»
(1971)


«Love Her Madly» er ein song av The Doors frå 1971 som er på L.A. Woman, det siste albumet deira med frontmannen Jim Morrison. Songen var skriven av gitaristen Robby Krieger. Jerry Scheff spelar bass på songen. Songen vart gjeven ut på singel i april 1971 og vart ein av dei største hittane til The Doors med ein 11. plass på Billboard Hot 100 i USA. Han gjekk heilt til 4. plass på singellista i Australia.

I 2000 spelte Krieger, John Densmore og Ray Manzarek inn ei ny versjon av «Love Her Madly» med Bo Diddley for hyllestalbumet til the Doors kalla Stoned Immaculate.

Songen vart nytta i filmen Forrest Gump frå 1994.

Songen er òg spelt inn av pianist George Winston på albumet Night Divides the Day - The Music of the Doors.

B-sida til singelen er ein av berre tre B-sider av The Doors som ikkje vart gjeven ut på eit studioalbum. «(You Need Meat) Don't Go No Further» vart sidan først gjeven ut på samleplata Weird Scenes Inside the Gold Mine. Songen er òg som bonusspor på 2007-utgåva av L.A. Woman.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1971) Plassering
Australia Go-Set National Top 60[1] 6
Nederland[2] 4
Canada RPM Top 100 Singles[3] 3
U.S. Billboard Hot 100[4] 11
U.S. Billboard Easy Listening[5] 29
U.S. Cashbox Top 100 Singles[6] 7
  1. «21. august 1971 Singles» Arkivert 2007-03-29 ved Wayback Machine.. Go-Set Magazine (Go-Set Charts, compiled by Barry McKay, at PopArchives.com.au). Henta 2010-02-29.
  2. Hung, Steffen. «The Doors - Love Her Madly». Dutch Charts Portal. Hung Medien. Henta 2010-02-28.
  3. «Top Singles - Volume 15, No. 15, May 29 1971». RPM (Library and Archives Canada). Henta 2010-02-28.
  4. «Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 2010-02-28.
  5. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 75. 
  6. «CASH BOX Top 100 Singles». Cashbox Magazine, Inc. Henta 2010-02-28.